FOTO
Eg jobbar med utvalde fotooppdrag innan mellom anna bedriftsprofilering, landskap, bryllaup og nyfødtfotografering.
Det handlar ikkje berre om å ta eit godt bilete, men å vere til stades – og fange det som skjer mellom linjene.
Eg tek berre på meg eit fåtal oppdrag, og prioriterer prosjekt der det finst god dialog, tillit og rom for å jobbe godt saman.

Bedrift
Profilfoto, miljøbilete eller dokumentasjon – frå kontor til felt.
Eg jobbar mest med små og mellomstore verksemder som ønskjer ærlige og solide bilde av kven dei er.

Landemerke / Natur / Annonser
Motiv som betyr noko – anten det er til veggen heime, ein presentasjon, eller ei salgsannonse.
Eg har erfaring med å fange landskap, bygningar og detaljar med presisjon og stemning.

Bryllup
Diskré, til stades og nær. Eg tilbyr heil- og halvdagsfotografering tilpassa stemninga og dykkar behov.
💍 Bryllaup
Nokre få glimt frå eitt av dei bryllaupa eg har fått vere med å dokumentere.
Eg legg vekt på nærvær og diskresjon – difor viser eg berre bilete der brudeparet sjølv ønskjer å dele.
Bruk av bilete\innhald utan løyve er ikkje tillate.
👶 Barn og nyfødt
Ein liten smakebit frå utvalde oppdrag, vist med løyve frå foreldre.
Eg tek alltid omsyn til personvern og deler berre bilde når det kjennest rett for begge partar.
🌄 Landskap og diverse
Utsnitt frå nokre eigne prosjekt og oppdrag – frå Vestlandsnatur til bedrifter, turisme, byrom og visuelle detaljar.