Veafjorden sett frå Fylenipa . 40x60 Cm

Panoramautsikt over Veafjorden, sett frå fjelltoppen Fylenipa. Her ser du gardane Vedaa, Bukkestein, Kvamme og Kaastad. Fjorden strekkjer seg gjennom biletet forbi Kallestadsundet og til Grånova. Her får du både høgfjell og fjord med i same biletet. Området er ein del av turen "Fjordpromenaden" som Vaksdal turlag pleier arrangera. 
Sumar, blikkstille vatn og god stemning!

Digitaltrykk frå Europa`s ledande fotolaboratorium CEWE på kraftig papir med gramvekt på 240g/m².

Klar til umiddelbar levering eller postforsendelse.
Kan vere behjelpeleg med levering på døra dersom du bur i nærområdet.

Dette biletet er utan ramme.
Eg anbefaler rammer frå BGA fotobutikk, som har både god kvalitet og gode prisar. Du finn dei her: https://www.bgafotobutikk.no/


Ein finn også rammer mange andre stader, som fotobutikkar, Ikea, Rusta, Clas Ohlson, og fleire.

Dersom du ynskjer absolutt beste kvalitet, anbefaler eg innramming hjå ditt lokale rammeerksted, for eksempel gategalleriet i Bergen.  

kr 890.00